|
|
Kommunane Luster, Sogndal og Leikanger vedtok våren 2005 å skipa ein felles kulturskule frå 1.august 2006. Kommunane har eit felles ansvar for skulen og Leikanger kommune er vertskommune.
Kulturskulen skal driva kulturskuleundervisning og naturleg tilknytt verksemd i høve gjeldande lovverk for kulturskular.
Undervisninga vert som hovudregel gitt i den kommunen eleven bur. Disiplinar som krev rekruttering frå større område kan plasserast der det er mest tenleg ut frå lokale, utstyr og lærarkrefter. Elevane står fritt til å søka på alle tilbod til kulturskulen.
Kulturskulen i Sogn er vert for distriktsmusikargruppa i Sogndal i samarbeid med Sogn og Fjordane Fylkeskommune.
Informasjon om tilboda kjem på kommunane sine nettsider når den er ferdig utarbeidd. Inntil vidare kan du få informasjon på telefon eller e-post.
|
|